Skrevet den . Publisert i Nyheiter

Avtalar og reglement til behandling

Kommunestyremøte, Foto Peder Otto Dybvik

Torsdag 14. november er det kommunestyremøte i nye Ålesund kommune. På agendaen står blant anna delegeringsreglement, diverse samarbeidsavtalar og fleksitidsordning. Møtet startar kl. 09.00, følg det på web-tv!

 Dette er blant sakane til møtet 14. november:

Delegeringsreglement for Ålesund kommune

I formannskapet sitt møte 5. november ble det i tilrådninga til kommunestyret vedtatt at benevnelsen på det øvste politiske organ i den nye kommunen skal nemnast kommunestyre.

Ålesund kommune sitt delegeringsreglement er heimla i kommunelova § 5-14 og skal innehalde reglarsom avklarar ansvar-og myndefordeling mellom dei ulike folkevalde organa og tilhøvet mellom kommunestyret og administrasjon, samt krav til rapportering. Reglementet regulerer også retten til å innstille der vedtaksmynde er lagt til eit politisk organ.

Fleksitidsordning for nye Ålesund kommune

Fleksibel arbeidstid vert vurdert som eit gode av dei fleste arbeidstakarar og kan vere eit personalpolitisk virkemiddel for kommunen.Hensikta med fleksibel arbeidstid er å legge til rette for ei fleksibel organisering av arbeidstida der det er muleg, til beste for både tenestene som skal utførast og den einskilde arbeidstakar.

I vedlegga til saka kan du lese meir utfyllande kva som ligg i fleksitidsordninga.

Følg møtet på web-tv

Møtet blir sendt direkte på web-tv frå kl. 09.00. Saksdokument er tilgjengeleg frå nye Ålesund kommune si nettside.