Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Innplassering i rådhuset

Aalesund rdhus

Arbeidet med å innplassere tilsette i Ålesund rådhus tar lengre tid enn planlagt og vil påverke fleire enn dei som sit i Ålesund rådhus no.Rådmann Astrid J. Eidsvik informerer tilsette i ein video.

I videoen fortel Eidsvik at arbeidet med å innplassere tilsette i Ålesund rådhus tar tid fordi det heng saman med ei avklaring om ei eventuell opprusting av rådhuset. Saka ligg no hos Ålesund administrasjonsbygg AS si generalforsamling. Vi må halde oss til dei lokala vi har no og kommunal- og stabssjefar har fått tilsendt ei planskisse for den gjeldande etasja for dei, som dei skal diskutere med sine tilsette. Når rådhusgruppa har fått tilbakemelding på forslaget til innplassering, vil det endelege forslaget bli publisert på nettsida.

Dette gjeld fleire enn dei som arbeider i Ålesund rådhus no. Tilsette frå alle kommunar skal ha sin arbeidsplass her og alle må forberede seg på å flytte, seier rådmannen.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.