Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Vedtok møteplan og samarbeidsavtalar

030Kommunestyremøte Foto Peder Otto Dybvik
I kommunestyrets møte 14. november vart det gjort vedtak om delegegeringsreglement, fleire samarbeidsavtalar og møteplan. Du kan sjå møtet i etterkant via web-tv.

Dette var blant sakane til møtet 14. november:

Møteplan 2020

Kommunestyret vedtok å flytte start på kommunestyremøtene til kl. 14.00 for å tilpasse hurtigbåtavgang til Nordøyane for representantar frå Sandøy og Haram. Kommunestyret vedtok møteplan for 2020, men at den skal evaluerast våren 2020.

Delegeringsreglement for Ålesund kommune

I formannskapet sitt møte 5. november vart det i tilrådninga til kommunestyret vedtatt at benevnelsen på det øvste politiske organ i den nye kommunen skal nemnast kommunestyre. Dette vart også endeleg vedtatt av kommunestyret.

Ålesund kommune sitt delegeringsreglement er heimla i kommunelova § 5-14 og skal innehalde reglarsom avklarar ansvar-og myndefordeling mellom dei ulike folkevalde organa og tilhøvet mellom kommunestyret og administrasjon, samt krav til rapportering. Reglementet regulerer også retten til å innstille der vedtaksmynde er lagt til eit politisk organ. Kommunestyret vedtok delegegeringsreglementet slik det ligg i saka. Kommunestyret vedtok også at øvste administrative leiar i den nye kommunen inntil vidare skal ha tittel rådmann.

Medlemmar til partssamansatt utval og arbeidsmiljøutval

Under behandling av sak om reglement for partssamansatt utval vart det og oppnemning av folkevalde representantar til partssamansatt utval og arbeidsmiljøutval. Medlemmar til partssamansett utval med underutval (forhandlingsutval) for valperioden 2019-2023:

Leiar, Ordførar Eva Vinje Aurdal, nestleiar varaordførar Vebjørn Krogsæter, medlemmar: Tore Johan Øvstebø, Hans Kjetil Knutsen, Thorbjørn Fylling.

Medlemmar til arbeidsmiljøutval vart Geir Ove Leite og Monica Molvær.

Desse sakane vart og vedtatt:

  • Økonomireglement for Ålesund kommune og dei kommunale foretaka
  • Interkommunal samarbeidsavtale om arbeidsgjevarkontroll
  • Interkommunal samarbeidsavtale om barnevernvaktordning frå 01.01.2020
  • Interkommunal samarbeidsavtale om pedagogisk-psykologisk teneste
  • Avtale om politiråd i nye Ålesund frå 01.01.2020
  • Permisjonsreglement i Ålesund kommune
  • Reglement for gåver og påskjønning i Ålesund kommune
  • Offentlig tilskudd til private barnehagar 2020
  • Høyringssvar frå Ålesund kommune - forslag til ny språklov
  • Sak om fleksitidsordning for nye Ålesund kommune vart utsatt.

 

Sjå møtet på web-tv

Møtet vart sendt direkte på web-tv og du kan sjå det i etterkant. Saksdokument og protokoll er tilgjengeleg frå nye Ålesund kommune si nettside.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.