Skrevet den . Publisert i Nyheiter

Vedtok møteplan og samarbeidsavtalar

030Kommunestyremøte Foto Peder Otto Dybvik
I kommunestyrets møte 14. november vart det gjort vedtak om delegegeringsreglement, fleire samarbeidsavtalar og møteplan. Du kan sjå møtet i etterkant via web-tv.

Dette var blant sakane til møtet 14. november:

Møteplan 2020

Kommunestyret vedtok å flytte start på kommunestyremøtene til kl. 14.00 for å tilpasse hurtigbåtavgang til Nordøyane for representantar frå Sandøy og Haram. Kommunestyret vedtok møteplan for 2020, men at den skal evaluerast våren 2020.

Delegeringsreglement for Ålesund kommune

I formannskapet sitt møte 5. november vart det i tilrådninga til kommunestyret vedtatt at benevnelsen på det øvste politiske organ i den nye kommunen skal nemnast kommunestyre. Dette vart også endeleg vedtatt av kommunestyret.

Ålesund kommune sitt delegeringsreglement er heimla i kommunelova § 5-14 og skal innehalde reglarsom avklarar ansvar-og myndefordeling mellom dei ulike folkevalde organa og tilhøvet mellom kommunestyret og administrasjon, samt krav til rapportering. Reglementet regulerer også retten til å innstille der vedtaksmynde er lagt til eit politisk organ. Kommunestyret vedtok delegegeringsreglementet slik det ligg i saka. Kommunestyret vedtok også at øvste administrative leiar i den nye kommunen inntil vidare skal ha tittel rådmann.

Medlemmar til partssamansatt utval og arbeidsmiljøutval

Under behandling av sak om reglement for partssamansatt utval vart det og oppnemning av folkevalde representantar til partssamansatt utval og arbeidsmiljøutval. Medlemmar til partssamansett utval med underutval (forhandlingsutval) for valperioden 2019-2023:

Leiar, Ordførar Eva Vinje Aurdal, nestleiar varaordførar Vebjørn Krogsæter, medlemmar: Tore Johan Øvstebø, Hans Kjetil Knutsen, Thorbjørn Fylling.

Medlemmar til arbeidsmiljøutval vart Geir Ove Leite og Monica Molvær.

Desse sakane vart og vedtatt:

 

Sjå møtet på web-tv

Møtet vart sendt direkte på web-tv og du kan sjå det i etterkant. Saksdokument og protokoll er tilgjengeleg frå nye Ålesund kommune si nettside.