Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Er du vår nye prosjektleiar?

Haram Haramsøy Foto Peder Otto Dybvik

Haram kommune treng ein prosjektleiar/prosjektutviklar for utvikling og gjennomføring av fleire nye byggeprosjekt. Søk innan 02.12.19!

Arbeidsoppgåver

Prosjektleiar vil få ansvar for utvikling og gjennomføring av ulike typer prosjekt. Dette inneber å vere byggherrens representant gjennom programmering, prosjektering, byggeperiode og overtakingsfase, inkludert løpande styring av kvalitet, framdrift og økonomi. Det vil også bli oppgåver knytt til utvikling av foretaket sine styringssystem.

Ønskede kvalifikasjonar

Vi søker etter nokon med relevant utdanning på høgskole- eller universitetsnivå, og helst med nokre års erfaring. Relevant erfaring kan kompensere for utdanning.
Det er ønskeleg med erfaring og kompetanse innafor prosjektleiing/prosjektstyring. Du må gjerne ha din bakgrunn fra eigedoms-, entreprenør-, og/eller rådgjevande ingeniørverksemd. Kunnskap om analysearbeid/arealplanlegging, samt om offentleg innkjøp er ønskeleg. God evne til samarbeid og muntleg/skriftlig framstilling vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

Vi tilbyr løn etter avtale med kommunale tilsettingsvilkår, pensjonsordning i KLP, IA-bedrift, fleksibel arbeidstidsordning, fagleg utvikling samt varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg og godt arbeidsmiljø. Fine kontorlokaler i Ålesund.

Søk på stilling

Søknadsfrist på stillinga er mandag 02.12.19.Sjå full utlysning og søk på stillinga via Personalhuset si nettside.

Kontaktpersonar

For meir informasjon om stillinga ta kontakt med rådgivar Ivar Morten Normark i Personalhuset, tlf: 975 01 433, e-post: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den., Turid Hanken, rådmann i Haram kommune, tlf 702 07 500/ 950 26 086, e-post: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. eller Gunnar Leira, avdelingsleidar Prosjekt og utbygging, tlf 913 47 606, e-post: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Om Ålesund kommunale eigedom KF

Ålesund kommunale eigedom KF vert nye Ålesund kommune sitt eigedomsselskap med ansvar for byggeprosjekt og drift/forvalting/reinhald av kommunen sine eigedommar, til saman cirka 500.000 m2. I dette inngår føremålsbygg (omsorgssenter, skular, barnehagar, kultur- og idrettsbygg, brannstasjonar m.fl.) og cirka 1300 utleigebustadar.

I nye Ålesund kommune er det foreslått å bygge ei rekke forskjellige bygg med varierande storleik og kompleksitet. Mange av desse bygga, hovudsakleg skular, er allereie vedtekne og oppgavene knytt til desse prosjekta vil såleis vere varierte med moglegheit for personleg utvikling.

Eigeomsselskapet har også ei sentral rolle i kommunen sitt bustadsosiale arbeid, her under ansvar for forvalting av kommunen sine låne- og stønadsordninger.
Det faglege miljøet vil vere breitt med mellom anna sivilingeniørar, sivilarkitekter, ingeniørar, økonomar og medarbeidarar med bakgrunn også innan merkantile og andre fagfelt.

Haram kommune har behov for prosjektleiar for utvikling og gjennomføring av fleire nye byggeprosjekt. Kommunen blir fra 2020 ein del av nye Ålesund kommune og stillinga vil derfor gå inn i Ålesund kommunale eigedom KF (ÅKE), avdeling for Prosjekt. Prosjektavdelinga har ansvar for planlegging, utvikling og gjennomføring av den nye kommunen sine byggeprosjekt, samt utvikling av bygningsmasse og ubebygde eigedommar.

(Foto: Peder Otto Dybvik)

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.