Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Tilskudd frå Bufdir

timothy choy 695130 unsplash youthSøknadsfrist for å søke tilskudd frå Bufdir er 13. desember. Lag, foreiningar og andre kan søke pengar til opne møteplassar for barn og unge.

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) har no ute ei tilskotsordning til barn og unge i alderen 10 til 20 år, utsette ungdomsgrupper og ungdomsmiljø. Tilskotsordninga er meint å stimulere til etablering og utvikling, snarare enn å gi driftstilskot.

Ein kan søke om støtte til tiltak/prosjekt som vidareutvikler eller etablerer opne og inkluderande møteplassar for målgruppa. Støtte gjennom tilskotsordninga er i utgangspunktet avgrensa til tre år og det er krav om ein konkret plan for vidareføring for tiltak som mottek støtte.

Sjå meir om tilskotsordninga og søk inne på Bufdir sin nettside innan 13. desember.

Foto av Timothy ChoyUnsplash

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.