Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Lærer meir om smarte samfunn

Talarane cropNye Ålesund med partnarar var 19. - 21. novemver på verdas største messe for smarte og berekraftige løysingar. Ålesund hadde eigen standplass saman med FN-organisasjonen United for smart and sustainable cities (U4SSC).

Ålesund og partnarane var med på Smart City Expo World Congress som samla over 24 000 besøkande rundt tema som digitalisering, bymiljø, mobilitet, styring og økonomi, og inkluderande og delande byar.

På bildet over ser du frå venstre Ann Kristin Ytrevik frå 62 grader NORD, Cecilie Myrstad frå Sparebanken Møre, Kine Berild Norheim frå NExTDigital, Bente Glomset Vikhagen i nye Ålesund, Annik Magerholm Fet frå NTNU Ålesund, Gjermund Langset frå The North West, Anne Lise Sagen Major frå nye Ålesund og Øystein Berge frå COWI.

Saman med Trondheim og Offshore Simulator Center/AugmentCity var Ålesund representert på standen til U4SSC. Ålesund var der saman med fleire av partnarane i framtidslaben for å sjå på andre sine løysingar og å knytte kontakt med andre som har fokus på ei berekraftig og smart utvikling av samfunnet. (Artikkelen fortset under bildet)

Joel Mills AugmentCity crop

Ordførar Eva Vinje Aurdal haldt tale under opninga og var også med i ein paneldebatt med fleire ordførarar under messa.

Eva Vinje Aurdal crop

Ålesund og partnarane hadde ein eigen bolk på standen der vi presenterte tankane bak framtidslaben og der partnarane fortalte korleis dei ser for seg å bruke laben i sitt utviklingsarbeid.

I tillegg presenterte AugmentCity det som FN har vald som sitt verktøy for simulering og visualisering. Verktøyet er basert på ein digital tvilling av Ålesund der AugmentCity samlar inn data og ser på løysingar på problem med å mate data inn i tvillingen.

(Artikkelen fortset under videoen frå Offshore Simulator Center/AugmentCity)

Arbeidet med utforminga av laben er no inne i ein intensiv fase der ein både legg planar for kva laben skal gjere og korleis partnarskapa skal fungere. 27 partnarar er no på plass.Desse får vere med på ein lab der ein mellom anna skal sjå på korleis ein kan bruke kunstig intelligens og virtuell verkelegheit for å løyse samfunnsutfordringar anten det er berekraftig næringsliv, trafikkavvikling eller raskare sakshandsaming i kommunen.

Du kan lese meir om framtidslaben i Ålesund og kva Ålesund gjer for å bli ein smartare og meir berekraftig kommune på denne sida om Smarte Ålesund.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.