Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Skandinavisk finale i FIRST® LEGO® League 2019

FLL 2019

Laurdag 30. november er det klart for skandinavisk finale i FIRST® LEGO® League i Roskilde i Danmark, og ein av finalistane er Next Robotic Generation (NRG) frå 7. trinn ved Tennfjord skule i Haram.

 FIRST® LEGO® League er ein teknologi- og kunnskapskonkurranse for barn som inneber robotkøyring, presentasjonar og marknadsføring av prosjektet. Årets oppdrag er CITY SHAPER. Oppdraget skal inspirere til nysgjerrigheit mellom anna rundt arkitektur. Laga skal peike på korleis vi bygger byane og bygdene våre for framtida gjennom betre løysingar for transport, tilgjengelege og bygningskonstruksjoner.

Etter at NRG vann finalen i FIRST® LEGO® League i nye Ålesund den 9. november er dei no altså klare for å konkurrere i den skandinaviske finalen. - Foreldre har gjort ein formidabel jobb med organisering og fått sponsorar frå eit velvillig næringsliv, Haram kommune og Nye Ålesund kommune, fortel ein stolt rektor ved Tennfjord skule, Ole Lukkedal. - Vi veit at konkurransen blir hard og ein skal ha i mente at ein, i motsetnad til konkurransen i Ålesund, no konkurrerer mot elevar opp til 16 år. Men vi har trua og laget har kapasitet til over 400 poeng om ting klaffer, seier han.

Konkurransen vert streama, og du kan følge den her: https://youtu.be/knII5HUubjs

Opninga av konkurransen er klokka 08.30 og NRG skal i aksjon med robotkøyringa klokka 10.05 på bord 4A, 11.05 på bord 2A og 13.15 på bord 2A i innleiande runder.

Vi ønsker Next Robotic Generation lykke til, tvi tvi!

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.