Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

IT og overgang til ny kommune

Helge veum webKva skjer med PC-en til oss tilsette når vi blir ny kommune? Og kva med e-post og heimeområde, brukarnamn og fasystem? Stabssjef for teknologi og innovasjon, Helge Veum, gir deg ein guida tur i tekst og video.

 Ei kommunesamanslåing er eit gigantisk prosjekt, også når det gjeld tilpassing av IT-system, og mange jobbar no hardt for at dette skal vere i orden til vi formelt blir slått saman 1. januar.

Helge er sikker på at vi skal få det til, men seier også at det vil vere små utfordringar i overgangsperioden og ber oss alle om å vere tolmodige i denne perioden.

I denne videoen forklarer Helge Veum kva som skjer. Innhaldet blir gjengitt tekstleg under videoen:

PC-en din

Tilsette i Haram, Sandøy, Skodje og Ørskog: PC-en din blir reinstallert. Arbeidet er allereie i gang innan utdanning og alle lærarar har fått reinstallert PC-en sin med minimale problem.

Resten av dei tilsette vil få informasjon om når reinstallering skjer, om dei ikkje allereie har fått det. Du får vite når det skjer, korleis det skjer og kva du må gjere etter at det er blitt gjort.

Det er også gått ut ein e-post om dette til alle tilsette. Kontakt næraste leiar om du ikkje har fått e-posten kommunisert eller vidaresend.

Alle dei som arbeider i eksisterande Ålesund, beheld PC-en sin slik den er no. Der skjer det ingenting.

E-post og heimeområde

Du beheld e-postkontoen din og innboksa di.

Tilsette i Haram, Sandøy, Skodje og Ørskog kjem til å få ny e-postadresse rett før nyttår. Du får nærare beskjed når det skjer.

Den e-postadressa du har no kjem framleis til å fungere i omlag eit halvt år til, slik at du får e-post til deg når folk sender e-post til den gamle adressa. Dei som sender deg e-post på den gamle adressa, vil få ei melding tilbake om at dei må justere kontaktinformasjonen sin til ei alesund.kommune.no-adresse.

Dei nye e-postadressene for alle tilsette blir: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den..

Du beheld heimeområdet ditt. Her skjer det ingen endringar.

Brukarnamn

Brukarnamnet er det du brukar når du loggar deg på PC-en din.

Brukarnamnet kjem til å bli e-postadressa di: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den..

Fagsystem

Det er mange prosjekt på gang og mange som jobbar med anten å få på plass nye fagsystem eller slå saman gamle i ein oppdatert versjon av det tidlegare fagsystemet.

De vil få informasjon gjennom faglinja korleis de skal forhalde dykk til dette i arbeidskvardagen. Arbeidet er godt i rute.

Meir informasjon

Det blir informert på e-post og på nettside, Youtubekanal og Facebookside.

Ein del informasjon ligg allereie på nettsida nyealesund.no. All informasjon til innbyggarar og tilsette blir samla i artikkelen Overgang til ny kommune.

Det vil kome informasjon om korleis de skal gå fram om ting ikkje virkar slik som dei skal gjere i overgangsperioden. Om det skulle skje, er det viktig å først bruke førstelinjetenesten på IKT på rett måte.

 

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.