Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Heimlengsel blei ny kommunesong

juryen se bildetekst- Eg har skrive eit kjærleiksbrev heim, fortel Martha Standal som har skrive teksten til den nye kommunesongen for nye Ålesund.

Nye Ålesund kommune utlyste konkurranse om ny kommunesong. Den nye kommunesongen skal framførast i samband med feiringa av den nye kommunen 5. og 6. januar, i Sparebanken Møre Arena. Ein breidt samansett jury hadde sju gode songar å velje mellom, og landa til slutt på «E e med». Juryen meinte det var ein song som er moderne og som kan bli brukt av også dei unge ålesundarane samtidig som den fortel noko om røter og historie.

Tekstforfattar er Martha Standal. Ho er ålesundar i hjartet og trønder av adresse. Ho arbeider med teater; som dansar, skodespelar og koreograf. På fritida skriv ho også litt, mest for seg sjølv, men så såg ho konkurransen om ny song til Ålesund.

-    Og eg begynte å drøyme meg vekk i heimbyen min og fekk rett og slett ein trong til å skrive eit lite kjærleiksbrev heim.  Eg har heimlengsel, og det er noko med at ein blir meir og meir patriot dess lenger ein har vore vekke.

Høyre til

Martha Standal seier ho ønskte å formidle det å vere ein del av ei historie og det å høyre til.

-    Eg bur i Trondheim, men heime er framleis Ålesund. Sånn sett høyrer eg til mange plassar. Det trur eg er ein følelse eg deler med mange og det er noko fint i nettopp det.

Og samtidig som heimplassen er ein del av Martha si historie, så er ho ein del av Ålesund si historie.

-    Det er noko trygt i det synest eg; i alt som er foranderleg i liva våre, vil plassen vi kallar heim alltid finst der. Sjølv om den også er i utvikling, som no, når min heim vert slått saman med mange andre sin. Tenk kor mange vi då er som kan seie:  « Ålesund, no e du mi, ei lita stund». Vi deler det å høyre til.

Høyr E e me her: (Artikkelen fortset under videoen)

Samlande og oppløftande

Etter at teksten var skriven, så  måtte ikkje Martha gå lange vegen for å finne nokon som kunne sette tonar til orda. Sambuaren hennar, Kyrre Havdal, er musikar; komponist, pianist og orkesterleiar.

-    Eg hadde eigentleg sagt at eg ikkje hadde tid til å skrive denne låta, men så sto ho plutseleg der med ein ferdig tekst, som var så fin, musikalsk og inspirerande å sette melodi til, at eg tenkte at eg kunne gi det eit forsøk. Både tekst og melodi blei til i løpet av ein kveld.

MarthaogKyrre fotoprivat crop

 Kyrre Havdal og Martha Standal vann nye Ålesund sin konkurranse om ny kommunesong. Kyrre Havdal har skrive melodien og Martha Standal teksten. Foto: Privat.

Kyrre Havdal synest at hovudstyrken til låta er at teksten og melodien gjer kvarandre betre.

-    Det høyrest ut som en klisjé, men eg tenkjer at melodien ikkje kunne hatt ein annan tekst, og omvendt. Dessutan håper og trur eg låta klarer å balansere ein melankolsk tekst, og ein melankolsk melodi, utan at det blir for sentimentalt, men at det snarare kan fungere samlande og oppløftande.  

#heiltmitt

No gler dei seg til at songen skal takast i bruk.

-    Og eg er så spent på om folk liker den, seier Martha, og så håper eg songen kan treffe folk i forskjellige aldrar, at den kan samle folk og at den blir brukt.

Den nye kommunesongen er no innspelt i studio i tillegg til at den er arrangert for ulike typar kor og symfoniorkester. Fleire kor er i gang med å øve inn songen som skal framførast med stort felleskor og Ålesund symfoniorkester under folkefesten #heiltmitt i Sparebanken Møre Arena søndag 5. januar. Vil endå fleire vere med, så er det berre å melde seg.

Ordførar i nye Ålesund kommune, Eva Vinje Aurdal, seier det å få ein ny kommunesong har vore viktig for fleire politikarar og noko som har vore nemnd av fleire politiske komitear i prosessen med å bygge ein ny kommune.

-    Når fem kommunar skal slå seg saman, treng vi noko samlande og nytt. Ein song som kan samle folk er eit godt utganspunkt.

Eva Vinje Aurdal var sjølv med i juryen og fortel at juryen var einstemmig i avgjerda.

-     «E e me» blei vald fordi den er så ung i stilen, noko som står i stil til den nye kommunen, som er framtida vår. Eg synest også songen er perfekt til feiring og markering av ny kommune. Det har vore svært lite feiring i prosessen med å bygge, no er det tida for å feire at vi er i mål

At det er mange kommunar som går saman i ein kommune viser også igjen i korleis songen er spelt inn og blir framført under #heiltmitt. Solistane er henta frå alle dei fem kommunane; Marie Løvås (Skodje), Janne Falch (Sandøy), Ingunn Drabløs (Haram) Emilie Ødegård (Ørskog) og Per Jan Vinje (Ålesund). Vokal er spelt inn hos Lydkjelleren og FrontRow i Ålesund. Musikken er spelt inn i Newtone studio i Oslo, der komponisten Kyrre Havdal for tida arbeider. Han har hatt med seg Aleksander Sjølie på gitar, Aksel Jensen på bass og Tore T. Sandbakken.

studio crop

 

 

Per Jan Vinje, Janne Falch og Ingunn Drabløs er tre av solistane på innspelinga. Marie Løvås og Emilie Giskemo er dei to andre. Til saman representerer desse dei fem kommunane som no blir nye Ålesund.

 

 

 

 

Med i juryen var ordførar Eva Vinje Aurdal, Astrid Overå, Turid Skjelten, Magne Fremmerlid, Reidar Opsal, Anna Saure, Hanna Relling Berg, Egil Farstad og Synnøve Nesdal Sandnes.

Bildetekst til bildet i toppen:

Juryen med prøvesynging og vurdering: F.v. Synnøve Nesdal Sandnes, Eva Vinje Aurdal, Astrid Overå, Reidar Opsal, Magne Fremmerlid, Turid Skjelten og Hanna Relling Berg. Egil Farstad og Anna Saure var også med i juryen og gav si innstilling og stemme via telefon.

 

 

 

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.