Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Fatta målvedtak i kommunestyret

Nye Alesund 005Kommunestyremøte Foto PederOttoDybvik web

Ålesund kommunestyre har fatta målvedtak med 40 mot 36 stemmer i kveld 12. desember om blant anna at kommunen skal bruke nynorsk i utforminga av internett- og intranettsidene, informasjonsmateriale og kunngjeringar, lokale forskrifter, reglement og retningslinjer.

Slik lyder vedtaket:

1. Ålesund kommune krev med heimel i mållova § 5, første ledd, nynorsk i skriv frå statsorgan til kommunen.

2. Kommunen skal bruke nynorsk i utforminga av internett- og intranettsidene, informasjonsmateriale og kunngjeringar, lokale forskrifter, reglement og retningsliner.

3. Kommunen sine organ skal svare på skriv frå private rettssubjekt i den målforma som er nytta i skrivet, slik det går fram av mållova § 6. Dersom kommunen ikkje kjenner språkønsket til vedkomande, kan den tilsette velje sjølv.

4. Tilsette kan nytte bokmål i sitt daglege arbeid, til dømes i referat, notat og rapportar, samt i skriv til innbyggarane og andre der det ikkje er krav til ei bestemt målform.

5. Grunnskular held fram med den målforma dei har på det tidspunktet nye Ålesund kommune trer i kraft, og fram til kommunestyret vedtek noko anna etter reglane i opplæringslova.

Det skal utarbeidast ein språkbruksplan for Ålesund kommune. Denne skal klargjere og setje rammer for gjennomføringa av punkta over. Planen skal regulere bruken av både nynorsk og bokmål i kommunen.

Komite for kultur og medborgarskap får i oppgåve å legge fram språkbruksplanen i løpet av første halvår 2020. Komiteen skal i arbeidet legge til rette for valfridom for både innbyggarar og tilsette når det gjeld skriftspråk.

Det skal vere ein høyringsprosess der lag og organisasjonar, innbyggarar og tilsette kan kome med innspel til språkbruksplanen. Fram til ein språkbruksplan er vedteken får rådmannen fullmakt til å finne gode overgangsordningar.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.