Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Informasjonskanalar i ny kommune

Slik ser forsida ut på den nye nettsida
Fram mot nyttår skal dei fem kommunane sine informasjonskanalar bli slått saman. Allereie måndag 16. desember blir ny heimeside lansert!


Med kanalar for både Haram, Sandøy, Ørskog, Skodje og Ålesund kommune og prosjektet «nye Ålesund» er det i nokre tilfelle både dobbelt og trippelt opp med kanalar, som kan verke rotete når vi no går inn i ein ny kommune. Dette gjeld både heimesider og sosiale mediekanalar.

For at du enklast mogleg skal kunne finne det du leitar etter, vil vi framover begynne å samordne alt til innanfor ny «Ålesund kommune». Fram mot nyttår vil du derfor kanskje merke at heimesider og sosiale mediekanalar vil bli endra.

Kva blir heimesideadressa?

Frå 16. desember vil den nye kommunen si heimeside ha nettadressa www.alesund.kommune.no . Informasjonen som ligg på denne nettsida vil bli oppdatert og korrigert i løpet av desember og inn i det nye året.

Nettadressa til Haram, Sandøy, Ørskog og Skodje kommune vil bli inaktiv etter nyttår, men du vil kunne nå tak i informasjonen til alle dei fem kommunane ei tid framover etter årsskiftet via den nye nettsida. Dei får adresse www2.navn.kommune.no inntil dei blir inaktive.
 
Alle verksemder blir presenterte på den nye nettsida.  For skolar, sykehjem og verksemder blir den nye nettsida deira «heimeside med statisk informasjon. For skolar skal It’s Learning bli brukt til dialogen skole-heim. Skolane vil få ei kortere adresse som for eksempel www.alesund.kommune.no/hessabs for Hessa barneskole. Dette blir først klart i januar 2020.  

Innsyn for dei gamle kommunaene vil bli tilgjengeleg via nettsida www.alesund.kommune.no  .

I samanslåingsprosjektet har vi nytta www.nyealesund.no  til å spreie informasjon. Denne sida vil også bli inaktiv, men vil vere tilgjengeleg ei stund etter nyttår på same måte som dei gamle nettadressene.

Kva skjer med sosiale mediekanalar?

Facebook

Facebook-sida for den nye kommunen vil ha adressa www.facebook.no/alesundkommune 
Undersider (t.d. for avdelingar, skolar eller andre tenester) vil bli vidareførte dersom det ikkje er grunn til å endre dei med omsyn til kommunenamn eller avdelingsnamn. Er sidene inaktive eller at det  ikkje lenger er bruk for dei, vil dei bli avslutta.

Instagram

Ørskog, Ålesund og Haram kommune har kvar sin profil på Instagram. Kontoen Nye Ålesund kommune vil bli inaktiv, og kontoen Ålesund kommune vil halde fram som offisiell konto for den nye kommunen.

LinkedIn

Ørskog kommune, nye Ålesund kommune og Ålesund kommune har hatt kvar sine profilar. Dei andre kommunane har ikkje det. Ørskog-kontoen og nye Ålesund-kontoen er derfor avslutta, medan kontoen Ålesund kommune blir vidarført med oppdatert kontaktinformasjon. Dei som har oppført Ørskog kommune som arbeidsgivar i nettsamfunnet vil ikkje merke på CV-en sin at sida er fjerna.

YouTube

Haram, Sandøy og Skodje kommune har alle eigne kanalar. I tillegg har prosjektet nye Ålesund hatt sin eigen konto. Hovudkanalen vil vere Ålesund kommune sin YouTube kanal. Aktuelle opplastingar frå dei andre kontoane vil bli lasta ned og eventuelt lasta opp igjen på den nye kanalen. Ørskog kommune har ikkje hatt eigen YouTube-konto.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.