Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Julehelsing frå ordføraren

ill_JuletrepyntEin historisk overgang står for døra. Når vi går over i det nye året, bor vi alle i ein ny kommune. All endring og omstilling, forandring frå det eine til det andre, overgang frå ein tilstand til ein annan, kan ofte opplevast som utrygt. Vi veit kva vi har, men ikkje heilt kva vi får.  Les ordførar Eva Vinje Aurdals julehelsing her.

Ut frå vår tradisjon, i alle kjente samfunn, så langt tilbake som vi har kunnskap om - har slike overgangar blitt sett på som ganske skumle. Derfor har vi alltid hatt eit rikhaldig utvalg av seremoniar, overgangsriter, trollformlar og ulike magiske ritual som markerer når status skal endrast.

Julefeiringa vår er i dag ei høgtid full av både gamle og nyare tradisjonar. Det gjeld både førebuingar og feiring knytta til dei enkelte festdagane; frå matlaging, husvask og pynting til lussinatt, fromesse, julevake, julegilder og skikkar. Jule- og nyttårsfeiringa er bygd på eldgamle tradisjonar og nyare innslag som julenisse, gravlys, juletre og juletrefestar. Mange skikkar er gått ut av bruk eller har fått nytt innhald, medan nye er komne til - i takt med at samfunnet har utvikla og endra seg.

Mange av rituala frå gamle dagar handlar om å verne seg mot overnaturlege vesen. Mellom anna brukte forfedrane våre å legge eit kors av vedpinnar på hoggestabben, og dei korsa alle dører i husa sine med tjøre eller lignande for å verne seg mot vonde vettar. Det var også vanleg å skyte jula inn. Då gjekk ein ut på tunet og skaut, både for å markere starten på jula og for å skremme vekk vonde makter.

For å verne seg mot vonde krefter var det også vanleg å sitte oppe med tente lys heile julenatta. Julenatta ga dessutan muligheit til å sjå inn i framtida. Ved å følge visse ritual meinte ein å kunne finne ut alt frå kven ein skulle gifte seg med til kven som kom til å gå bort før neste jul.

Eit stort arbeid er lagt ned av administrasjon og politikarar for å bygge den nye kommunen. Vi meiner at vi har gjort det vi kan for å legge til rette for ein god overgang frå gammal til ny kommune. Det var vore meir hardt arbeid enn spådomskunst. I overgangen frå den kommunen vi har kjent fram til no, og til ein ny Ålesund kommune frå 1. januar 2020 burde vi kanskje hatt både kors, sølv, stål eller trolldomsformlar til hjelp.

Den store folkefesten #HEILTMITT som skal arrangerast i Sparebanken Møre Arena søndag 5. januar, kan til ein viss grad kompensere for at vi er heller dårlege på overgangsriter i vår tid. Den dagen håper eg alle - både ålesundarar og ålesundere - vil vere med på festforestillinga. Stort felleskor, felleskorps, Ålesund symfoniorkester og mange andre aktørar frå heile Ålesund deltar på denne folkefesten. Frivillige, kommune og næringsliv inviterer til ulike aktivitetar og moro, og vi kan kjøpe søndagsmiddagen vår der.
Slik går vi saman inn i den nye tida - i nye Ålesund kommune. Vi håper, trur, og skal arbeide for at endringane blir til det gode for oss alle.

God jul og godt nytt år!

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.