Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Hessa skole til skandinavisk finale!

Hessa skolePå Scandinavian Innovation Award møtast 10 lag med innovative løysingar frå årets FIRST® LEGO® League-oppdrag. Hessa skole med laget The Future Innovators er med i finale i innovasjon.

Ideen deira går ut på å ta i bruk autonome batteridrevne båtar (ferge-bussar som elevane har kalt for «fussar») som ein del av kollektivtilbodet i Ålesund. Du skal kunne bestille ein fuss via app eller nettlesar, deretter vil GPS finne næraste fergestopp der du kan stige om bord. Løysinga vil hjelpe byen til å ta steget mot å vere ein smartare by, med miljøvennlege fussar tilpassa rullestolbrukarar, syklistar, folk med barnevogner og alle andre.

- Laget presenterte spennande tankar om korleis eksisterande teknologi og naturressursar saman kan brukast for å gje gunstige ringverknader når det gjeld klima og miljø. Fussen blir også tilpassa menneske med nokre typar av funksjonsnedsetting, fortel Silje Kumeus som er konseptleiar for FIRST® LEGO® League Scandinavia.

Det er 10 av 900 lag som får delta på Scandinavian Innovation Awards  i Trondheim, i Equinors lokale på Rotvoll, den 10. februar. Her skal dei arbeide saman med mentorar frå NTNU og presentere løysinga si for ein jury frå næringslivet.  

Vinnarren av Scandinavian Innovation Award får sende si løysing til Global Innovation Award som blir arrangert av FIRST i USA kvart år. Her deltar berre 20 lag fra hele verden.

Stolt av engasjement og skaperkrafta!

-    Vi er utrolig stolte av dei lokale laga som hevdar seg på skandinavisk nivå! Tennfjord skule som nyleg tok ein flott 3. plass i den skandinaviske finalen, og no Hessa skole som er ein av ti blant som skal få videreutvikle sin idé saman med forskarar ved NTNU!  Dette viser engasjement og skaperkraft blant den oppvoksande generasjonen. FIRST® LEGO® League er eit veldig godt eksempel på kva som er mogleg å få til når skole og næringsliv samarbeider. Dette er også ein stor honnør til Newton Møre og den gode jobben som blir gjort med dei ulike skoleklassane kvar einaste dag, seier Trond Lars Nydal, administrerande direktør i Sparebanken Møre, som er sponsor og samarbeidspart for FIRST® LEGO® League i vår region.

Kort om Scandinavian Innovation Award(SIA)

Scandinavian Innovation Award er eit arrangement som sist blei arrangert 11. februar 2019 i Trondheim. Hit blei 10 av laga med dei mest innovative løysingane i 2018-sesongen av FIRST® LEGO® League invitert. På SIA-arrangementet får ca. 5 deltakarar frå kvart lag delta i workshop, foredrag og halde presentasjonar for ein jury.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.