Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Vi lanserer ny nettside

Ny nettside web

Om berre eitt par veker blir nye Ålesund kommune ein realitet frå 01.01.2020, og allereie no tar vi i bruk den nye nettsida vår. (Oppdatert)

Dette er nødvendig for at vi skal klare å få alt på plass og fungere frå 1. januar. Ei kommunal nettside inneheld mykje informasjon og skal dekke mange ulike behov. Vi har bygt sida for ditt behov som innbyggar og for deg som driv næring i kommunen vår. Vi håper at de vil oppleve at nettsida er brukarvenleg og enkel og finne fram på. Du finn den nye nettsida her: www.alesund.kommune.no

Dette kjem

Dagens nettside er første fase, og meir utvikling innan løysingar for sjølvbetjening og digital dialog kjem i 2020. Mellom anna skal det kome «Mi side», der du kan logge på og finne blant anna fakturaer frå kommunen.

Den nye kommunen skal få ny grafisk profil. Dette skal lysast ut på anbod på nyåret, og nettsida vil etter kvart få ein anna utsjånad. Det er i dag noko nynorsk og noko bokmål på nettsida, dette vil det også bli arbeidd vidare med framover.

Kvar finn eg dei gamle nettsidene?

De gamle nettsidene for Haram, Skodje, Sandøy, Ørskog og Ålesund skal leggjast ned. De blir ikkje oppdaterte lengre. For informasjon om det som skjer i kommunen, gå til alesund.kommune.no. Fram mot like over nyttår vil dei gamle nettsidene være tilgjengeleg - her vil vi legge ut snarveg, straks det er klart. Snarvegen til gamle nettsider blir ikkje klar før etter nyttår.

Sjå oversikta over tenestene som blir midlertidig forandra av overgangen til ny kommune.

Vi treng dine tilbakemeldingar

For at nettsida skal bli best mogleg, vil vi gjerne høyre frå deg. På sidene våre står det "Fann du det du leitte etter?" Trykk "ja" eller "nei" og sei kva du meiner. Tilbakemeldingane er anonyme, du gir ikkje frå deg kontaktinformasjon. Dette vil vere til stor hjelp for oss!

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.