Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Nytt brukarnamn og passord

nye alesund kommune luminell alesund tonemolnes crop TMO1614No får tilsette i Haram, Sandøy, Skodje og Ørskog nytt brukarnamn. I Skodje skjer det 17.  - 18. desember, Haram, Ørskog og Sandøy 18. - 19. desember. Her får du meir informasjon.

 Det er før sendt ut ei pdfbrukarrettleiing på korleis tilsette skiftar brukarnamn og passord på VPN og mobile einingar.

Påloggingsnamn

Du kan framleis bruke påloggingsnamnet (kortnamn) som du brukar i dag, men med ALESUND\ foran. Har du fått beskjed om at du har fått nytt kortnamn, skal du bruke dette.

Får du berre tilgang til å skrive passor, sjekk om det står ALESUND\<brukarnamnet ditt> rett under passordfeltet. Gjer det ikkje det, må du velge "Flere valg" og så "Bruk en annen konto" og så skriv du brukarnamnet ditt med ALESUND\ foran + passordet.

Passord

Passordkrava blir endra på grunn av sikkerheit.

  • Minst 14 teikn
  • Må innehalde tal, symbol og små/store bokstavar

Tips til passord: Lag deg ei setning og for kvar gang du må bytte passord, legg på eit ord, eit tal eller eit teikn. Gjer om bokstavar til tal og teikn. For eksempel: A = 4 eller @, L = 7, O = 0, S = $ osv. Det er kun fantasien din som set grenser.

NB! Det er veldig viktig at du lagar deg eit passord du hugsar. Det er for tida lang kø på brukarstøtte på grunn av kommunesamanslåinga. Det gjer at du må vente ei stund for å få nytt passord.

Har du eigen PC?

Alternativ 1: koble deg på kommunalt nett med nettverkskabel - pdfsjå oppskrift
Alternativ 2: Kan du ikkje koble deg på med kabel, må du bruke nettlesar – pdfsjå oppskrift.

Deler du PC med andre?

Bruk nettlesar for å endre passord – sjå oppskrift over. 

E-post

Di nye  e-postadresse er no: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

VPN

På grunn av  sikkerheit er VPN sett opp med 2-trinns autentisering. Alle som brukar VPN, vil få ein kode via SMS som du skal bruke til trinn 2 (etter å ha skrive inn brukarnamn og passord).  Brukernamn på VPN er det same som e-post adressa di.

Viktige datoar

Jobbar du i SKODJE :
17.desember klokka  21:00 Omlegging til nye brukarnamn
18.desember – du må logge deg på med eit nytt brukarnamn og endre passord
 
Jobbar du i HARAM. ØRSKOG eller SANDØY:
18.desember klokka 21:00 Omlegging til nye brukernavn
19.desember – du må logge deg på med eit nytt brukarnamn og endre passord 

 
 

 

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.