Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Norges største bli kjent-fest?

Kari Harneshaug fotokristinslotterøy#heiltmitt skal både gi deg oversikt og gjere deg betre kjent med nokon av dei nye naboane dine. Nye Ålesund kommune inviterer til det ein med eit smil kan kalle Norges største bli-kjent-fest.

Ålesund har iallfall vore gjennom Norges største kommunesamanslåing, og blir frå nyttår ein kommune med 65.000 innbyggarar og naboar.

Kommunikasjonsansvarleg i nye Ålesund kommune, Anne Bente Skjellum, fortel det blir den største mellom Bergen og Trondheim.

-    Klart det må feirast! Og klart at det skal gjerast med ein folkefest der vi inviterer alle innbyggarane. Dette er vi i lag om. Kommunen skal vere #heiltmitt for alle som bur her.

Mylder og mangfald

Endre Volden, avdelingsleiar for kunstfag ved Fagerlia vidergående skole har regi på festforestillinga. Han seier at publikum skal få oppleve noko av alt det flotte nye Ålesund har å by på av kulturelt mangfald.

-    Vi skal zoome ut og gi deg oversikta og vi skal zoome inn og la deg bli betre kjent med nokon av dei som skal opptre. Kven er Kari Harneshaug eller den driftige dirigenten og songpedagogen Turid Skjelten? Har du høyrt A Choir, opplevd konferansier Thomas Ulheim eller sett Rodrigues Mugeza frå Sjøholt og Uganda? Og kva er koplinga mellom han og trekkspelar Kristina Farstad Bjørdal? (Artikkelen fortset under bildet)

unge jonas Unge Jonas er ein av dei som skal representerer alle dei unge og dyktige talenta som finst i nye Ålesund.

Dette er berre nokre av dei du skal få høyre og sjå under folkefesten i Sparebanken Møre Arena 5. januar. Det blir rap og ballett, gamle og unge, nye filmar – og den nye kommunesongen. Der fører Ålesund symfoniorkester an saman med stort felleskor og fem vokalistar, ein frå kvar av dei fem kommunane. Dei fem er Ingunn Drabløs frå Haram, Janne Falch frå Sandøy, Per Jan Vinje frå Ålesund, Emilie Giskemo frå Ørskog og Marie Løvås frå Skodje.

-    Og då legg vi sjølvsagt opp til allsong. Tenk å få vere ein av mange tusen som syng seg i lag inn i den nye kommunen, seier Anne Bente Skjellum.

Offisiell opning av den nye kommunen

I tillegg til kulturprogram på scena blir det rundt 35 standar og aktivitetstilbod rundt i hallen. Her kan du mellom anna få prøve innebandy, teste klatreveggen og skyte med pil og boge i tillegg til å oppleve ei heil rekkje spennande næringslivsstandar og andre standar frå frivillige. Søndag kan ein også kjøpe seg både middagsmat og kaffimat i hallen.

Og mellom all moroa må det også vere høgtid når ein markerer Norges største kommunesamanslåing. Alle ordførarane frå dei fem kommunane som blir nye Ålesund blir med på den offisielle opninga av den nye kommunen, og det skjer i Sparebanken Møre Arena under #heiltmitt denne dagen.

Endre Volden seier samanslåing av kommunen er koplinga og dette arrangemenget skal også kople folk på heile den nye storkommunen.

-    Vi håper at denne dagen vil gjere deg litt meir bevisst på alt det fantastiske som finst i kommunen vår, og så håper vi at showet viser noko av krafta som ligg i det å bryte opp etablerte strukturar og grenser. Kanskje er naboen like gøyal som deg? Velkomen til Norges største bli-kjent-fest og nabofest.

Bildet i toppen: Kari Harneshaug, opprinneleg frå Harøya, er mellom dei ein skal få oppleve frå scena under #heiltmitt. Ho blir kalla «ein skjult skatt i musikk-Norge». Foto: Kristin Slotterøy

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.