Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Ungdomsidé blei den store #heiltmitt-festen

fullfart-    Alle må vere med, var den soleklare bestillinga frå ungdomane. Det var starten på #heiltmitt, folkefest i to dagar.

Det begynte med førebyggande tenester i Ålesund og eit initiativ til å lage eit bli kjent-opplegg for ungdomar i alle dei fem kommunane som slår seg saman til nye Ålesund kommune. Men svaret frå ungdomane som var på idé-drodling var heilt unisont: Alle må vere med, vi kan ikkje gjere noko berre for nokre få.

Dette blei fortalt til prosjektgruppa for nye Ålesund og så starta snøballen å rulle. No blir det folkefest for alle i Sparebanken Møre Arena søndag 5. januar i tillegg til at alle dei rundt 2500 ungdomsskoleelevane i den nye kommunen møtest i arenaen på måndag 6. januar.  Og ungdomane som sette i gang det heile med ideen og tanken om at alle skal med, dei blir med heilt fram til arrangementet er ferdig.

minda og UE

-For ein bursdagsfest dette blir, sa fagsjef i Ålesund kommune, Minda Myklebuset, då ho fortalde ungdomane om opplegget under #heiltmitt.

Felles oppgåver

Nesten 30 ungdomar frå heile den nye kommunen har vore samla til oppkøyringa til #heiltmitt. Det blei gjort i samarbeid med Ungt Entreprenørskap. Lene Utseth lærte dei om sosialt entreprenørskap; å finne nye løysingar på sosiale og samfunnsproblem.

-    Her skal vi lære å finne løysingar, løyse felles oppgåver og takle ueinigheit. Det er ein lærdom som vil følge dykk livet ut.

Ambassadørar

Ungdommane skal vere med som crew under dei to #heiltmitt-dagane. Linda Beate Hansen, SLT-koordinator (samordning av lokale rus- og kriminalitetsførebyggande tiltak) i Ålesund kommune, seier sidan dette både er eit planleggingsmøte der ein også legg inn fagleg innhald når det gjeld medborgarskap, lokalsamfunn og sosial medverknad.

ungdommar i rekke

-    Og med å ta med ungdomane i planlegginga, så vil vi at dei skal kjenne at arrangementet er #heiltmitt. Det er også nyttig når dei skal tilbake til skulane sine og vere ambassadørar for #heiltmitt.

Kjekt

Gaia Eikemo Bushi, Fria Eikemo Bushi og Mathilde Ytterland frå Steinerskolen er tre av elevane som var med på samlinga og fekk ønske seg oppgaver som dei vere ansvarlege for under feiringa av den nye kommunen.

Gaia Eikemo Bushi, Fria Eikemo Bushi og Mathilde Ytterland frå Steinerskolen

-    No veit vi meir om kva som skal skje under arrangementet og vi trur dette blir kjekt.

Søndag er det folkefest der alle er inviterte til gratis festforestilling og moro og aktivitetar i hallen. Måndag er det også standar og aktivitetar i hallen i tillegg til sceneshow for ungdomane.

Bildet i toppen: Full innsats då ungdomane testa ulike typar felles oppgåveløysing under planleggingsmøtet for #heiltmitt.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.