Skrevet den . Publisert i Sentrale dokument

Intensjonsavtalen

Ordførarane i dei fem kommunane signerte ein oppdatert intensjonsavtale 19. juni 2017.

Den overordna målsettinga med intensjonsavtalen er å sikre:

Her finn du pdfintensjonsavtalen som ordførarane signerte på styringsgruppemøtet 19. juni 2017. ( PDF)

1. Intensjonsavtale

Avtale mellom Ålesund kommune, Haram kommune, Sandøy kommune, Ørskog kommune og Skodje kommune er signert juni 2017. Dette er ei oppdatert utgåve av intensjonsavtalen inngått 15. juni 2016.

Denne avtalen bygger på intensjonsavtalen for regionkommunen Ålesund mars 2016, og har som formål å konkretisere denne. Der gjeldande avtaletekst i intensjonsavtalen for regionkommunen Ålesund står i konflikt med denne avtalen, vil teksten i denne avtalen vere gjeldande.

Denne avtalen har rom for fleire deltakande kommunar. Der teksten er spesifikk på geografi, prosjekt og økonomi vil desse vere førande for dei gjeldande partane. Avtaleteksten elles skal kunne gjelde for fleire deltakarar, og dei må finne sin veg inn i avtaleverket eller den prosess som fellesnemnda bestemmer. Dersom ein av avtalepartane ikkje blir med i den framtidige kommunen vil avtalespesifikke forhold for denne kommunen ikkje bli gjeldande.

Bakgrunnen for avtalen er at Stortinget har bedt kommunane tenke langsiktig, 30 år eller meir, og vurdere kommunestrukturen ut frå at det ikkje er samsvar mellom dagens kommunegrenser og den kvardagsregionen som innbyggarane er ein del av. Framtida vil sette sterkare krav til kommunane som samfunnsutviklar, tenesteprodusent og myndigheitsutøvar, og kommunane vil i åra framover få strammare økonomiske rammer for å utøve sine oppgåver.

Avtalen vart lagt fram for kommunestyret i kvar av kommunane til endeleg behandling i juni 2016 og vart då vedteken av Ålesund, Skodje og Sandøy. Etter oppdatering av tekst våren 2017 har alle fem kommunestyra behandla avtalen.

1.1 Overordna målsetting med intensjonsavtalen:

2. Kommunenamn, symbol og målbruk

Namnet på den nye kommunen blir Ålesund.

Det blir laga nytt kommunevåpen og ordførarkjede.

Kommunevåpen for alle deltakarkommunane skal vise igjen i det nye ordførarkjedet.
Dette er ikkje til hinder for at Ålesund som by kan halde fram med å bruke sitt våpenmerke.*

Kommunen skal ha nynorsk som målform i tråd med reglar for målbruk, slik dei går fram av vedlegg til denne intensjonsavtalen.

Namnet på den nye kommunen blir Ålesund.

* Det skal utformast eit eige reglement for bruk av Ålesund by sitt våpenmerke som fellesnemnda skal vedta.

3. Visjon

Nye Ålesund kommune sin visjon er:

nasjonal slagkraft, regional attraktivitet, og lokal identitet.

Lokal identitet er eit fundament for mangfald og skaparkraft . Mangfald og skaparkraft gir attraktivitet. Attraktivitet gir tiltrekkingskraft .Tiltrekkingskraft gir nasjonal slagkraft.

Nye Ålesund kommune vil

Vårt motto er:

Det vi skal,skal vi vere gode til. Det vi vil,skal vi tore å gjere noko med.

4. Prinsipp for samanslåingsprosessen

5. Organisering, arbeidsformer og digitalisering

Nye Ålesund kommune må bygge på framtidas modellar for arbeidsdeling og samhandling:

6. Mål

6.1 Samfunnsutvikling

6.1.1Mål:

Nye Ålesund kommune skal sikre ei samordna planlegging for utvikling av både by og omland. Kommunen skal vere i stand til å posisjonere Ålesund som by og regionen som attraktiv kvardagsregion for dagens og framtidas innbyggjarar. Vi skal ha ein klar strategi for å utvikle alle geografiske områder i den nye kommunen.

Ålesund sentrum/Moa og tettstadane Skodje, Sjøholt, Brattvåg og Steinshamn skal utviklast som attraktive møteplassar for handel, kultur og service. Dei andre grendene i kommunen må ha høve til både fortetting og tilgang på større tomter for bustadar.

Den nye kommunen skal nå opp i nasjonale prioriteringar i samferdselsprosjekt og kollektivløysingar som vil knyte heile kommunen saman.

Nye Ålesund kommune skal aktivt samarbeide med andre samfunnsaktørar ved å etablere ulike møteplassar og samarbeidsformer. Dette kan vere mellom offentleg sektor, næringsliv, frivillig sektor/sivilsamfunn og forskings- og utdanningsinstitusjonar for å gje gjennomslagskraft og byggje opp under næringsutvikling, verdiskaping og innovasjon.

Den nye kommunen skal vere i stand til å møte dei store utfordringane i samfunnet. Klima og stor variasjon i demografi og levekår er døme på utfordringar kommunen vil måtte handtere. Med bakgrunn i dette skal nye Ålesund prioritere følgjande strategiar:

6.1.2 Konkretisering

Kommunane bak intensjonsavtalen har kvar sine prioriterte prosjekt for å betre infrastrukturen i den nye kommunen. Samferdselsprosjekt som medverkar til å binde saman den nye kommunen, utvidar bu- og arbeidsmarknadsregionen og som sikrar drikkevasskjeldene, vil bli prioritert. Ein by-pakke som knyter byen og omlandet sterkare saman med gode kollektivløysingar vert avgjerande for å styrkje bu- og arbeidsmarknaden i heile den nye kommunen. Ei nærare prioritering av dei enkelte prosjekta må gjerast når ein ser kva kommunar som vel å gå saman.
 
Desse sambanda skal prioriterast (uprioritert rekkefølgje):

Ingen grensejustering i Sandøy kommune:

Intensjonsavtalen for nye Ålesund kommune bygger på at det ikkje vert grensejustering i  tidlegare Sandøy kommune.

Andre prioriteringar (uprioritert rekkefølgje):

* Det stod i opprinneleg tekst 15.6.16 at avdelinga skulle etablerast på Skodje. Stad er no endra. Endringa er avhengig av at avdelinga vert tilknytta kunnskapsmiljøet på NMK og NTNU, og at tidlegare Skodje kommune skal vere lokaliseringsstad for andre fellesfunksjonar, jf. pkt. 6.2.2.

** Dissens – alternativ formulering:
Den nye kommunen går inn for at Fylling og Svartløk-området, som delvis er verna våtmarksområde, skal avsettast til friluftsliv og rekreasjon for heile regionen.
10 av 24 representantar i styringsgruppa støttar dissensen, og 14 representantar av støttar opprinneleg tekst.

6.2 Tenesteyting og utøving av mynde

6.2.1Mål

Målet med nye Ålesund kommune er å skape ein sterk organisasjon for å utvikle regionen - i samspel med næringslivet, frivillig sektor, forskings- og utdanningsinstitusjonar, og andre offentlege instansar - inn i framtida.

Både tettstadar og bygder skal ta del og finne sin plass i ei heilskapleg utvikling.

Den nye kommunen vil vere ein stor arbeidsplass der dei aller fleste har sitt arbeid spreidd på ulike stadar som i dag. Dei kommunale tenestene og dermed arbeidsplassane skal vere nær brukarane, samtidig som dei tilsette vil vere del av eit større og meir robust fagmiljø med spesialiserte tenester tilgjengelege.

Organiseringa av kommunen skal gje vinstar gjennom å arbeide effektivt. Det vi sparar her skal gå til å auke kvantiteten og kvaliteten i tenestene.

Den nye kommunen skal arbeide aktivt for å få nye statlege og andre offentlege kompetansearbeidsplassar.

Nye Ålesund kommune skal ta vare på innbyggjarane sin rettstryggleik med:

6.2.2 Konkretisering

Det ligg naturleg til fellesnemnda, i samarbeid med rådmann/prosjektleiar for den nye kommunen, å konkretisere dette nærare.

6.3 Demokrati

6.3.1 Mål

Den politiske organiseringa i kommunen skal sikre både heilskapleg planlegging for regional slagkraft og lokal medverknad på kommunedelnivå.

Nye Ålesund kommune skal sikre levande lokaldemokrati basert på ei vid forståing av demokratiomgrepet og gjennom utprøving av nye former for medverknad.

Den nye kommunen skal ha særleg fokus på digitale plattformer som hjelpemiddel i å la innbyggjarane medverke. Det skal utgreiast konkrete løysingar for e-demokrati i den nye kommunen.

6.3.2 Konkretisering

Kommunestyret er det overordna politiske organet i kommunen og kan ha inntil 77 medlemer. Styringsgruppa skal gi innstilling om talet på representantar i det nye kommunestyret på bakgrunn av sakhandsaming i dei fem kommunestyra. Talet på representantar vert vedteke i fem kommunestyremøter 21. juni etter fylkesmannen sitt drøftingsmøte med kommunestyra same dag, jf. § 25 i inndelingslova.

Den nye kommunen skal vere organisert etter formannskapsmodellen.

Intensjonsavtalen opnar for at det kan vere formålstenleg med hovudutval/komitear/utval på overordna politisk nivå som i hovudsak får gjennomgåande representasjon. Dette er fundamentert i tanken om å sikre likeverdige tenester og ei samordning av fagmiljø. Dersom vi skal ha hovudutval må dette organiserast på same måten som strukturen i den nye administrasjonen. Dette for å sikre god samordning mellom politikk og administrasjon. Dette er ei sak fellesnemnda får i oppgåve å utgreie nærare.

For å styrke nærdemokratiet og mellomvalsmedverknad vil den nye kommunen ha kommunedelutval med heimel i kommunelova §12.

Kommunedelutvala skal ha slik funksjon, oppgåver og mynde:

Fellesnemnda får i oppgåve å konkretisere korleis den folkevalde og administrativ organiseringa skal sikre lokaldemokratiet og dei lovbestemte rettane til medverknad, og korleis det kan bli lagt til rette for at politikarane får gode arbeidstilhøve for å sikre lokaldemokratiet.

Det er løyvd prosjektmidlar frå Fylkesmannen til revitalisering og utvikling av lokaldemokratimodellar, og e-demokrati, der medverknad frå innbyggarar og næringsliv står sentral. Nye Ålesund kommune skal delta og bidra i dei to demokratiprosjekta som ressurs.

Fellesnemnda får i oppgåve å vurdere etablering av eit bindeledd/koordinator mellom kommunedelutvala og kommuneleiinga, både politisk og administrativ. Det vil kunne vere ei viktig brikke i styrkinga av nærdemokratiet.

6.4 Økonomi

6.4.1 Mål

Nye Ålesund kommune skal ha ein robust og berekraftig økonomi. Kommunen må sikre seg eit forsvarlig økonomisk handlingsrom for å sikre gode tenester til innbyggjarane.

Vinstane som vi får realisert i den nye kommunen skal gå til å styrke tenestene og realisere visjonen for den nye kommunen. Lånegjelda skal vere på eit forsvarleg nivå og kommunen skal ha ei målsetting om å betale ned på gjeld i tråd med avskrivingar. Kommunen skal ha eit tilstrekkeleg stort disposisjonsfond for å kunne handtere uføresette utgifter.

6.4.2 Konkretisering

* Intensjonsavtalen har lagt seg på anbefalt norm frå Kommunenes Sentralforbund knytt til god økonomiforvaltning. Det vidare arbeidet bør vere i samsvar med tilrådingane til KS.

 6.4.3 Økonomisk stønad til reformprosjektet

Reformstøtte utgjer 30 mill. utbetalt i 2020, og tilskot til eingongskostnad 60 mill. (ved 5 kommunar) utbetalt i 2017. I tillegg kjem midlar til ei prosjektstilling, truleg regionsentertilskot, samt tilskot til infrastruktur og anna etter søknad.

Ein er einige om at deler av tilskota skal brukast til å bygge ut fiber* for inntil  30 mill. i alle delar av den nye kommunen der dette ikkje er kommersielt lønnsamt. Beløpet vert justert når ein har meir detaljert kostnadsoversikt.

*I eit fåtal unntak anna breibandløysing.

** I opprinneleg avtale 15.6.16 stod to kulepunkt: Eigenandel i ny Skodje barneskule: 15 mill. NOK og Gang- og sykkelstiar og relevante anlegg på Steinshamn: 5 mill. NOK. Skodje kommune og Sandøy kommune kan akseptere at midlar sett av til investering til desse formåla kan disponerast til andre formål som ikkje kan lånefinansierast, på det vilkår at dei andre kommunane og fellesnemnda ikkje kjem med innvendingar mot at desse to kommunane gjennomfører desse investeringane.

6.5 Kommunen som arbeidsgjevar

6.5.1 Mål

Kommunen skal ha ein personalpolitikk som

6.5.2 Konkretisering

Kommunesamanslåingsprosessen skal ta vare på dei tilsette på ein god måte. Kommunen har eit stort behov for arbeidskraft og kompetanse. Det skal leggjast til rette slik at tilsette ønskjer å fortsetje i den nye kommunen.

I overgangen frå gamaI til ny kommune vil følgjande gjelde:

Det blir oppretta eit partssamansett utval for handsaming av saker som gjeld forholdet mellom den nye kommunen som arbeidsgjevar og dei tilsette, jf. kommunelova § 25,inndelingslova § 26 og Hovudavtalen.

7. Interkommunalt samarbeid

Eitt av måla med å gå saman om å etablere ein ny kommune er at den nye kommunen skal kunne ta på seg oppgåvene på eiga hand utan interkommunalt samarbeid. På den måten får kommunen betre styring over den enkelte tenesta og kan lettare drive samordning på tvers av tenestene.

Ein ny kommune blir ei ny juridisk eining, noverande kommunar opphøyrer som juridiske einingar. Dette betyr at inngåtte avtalar med noverande kommunar blir ugyldige frå det tidspunkt den nye kommunen blir operativ. Dette gjeld både interkommunale samarbeidsavtalar og innkjøpsavtalar. Dei interkommunale samarbeidsavtalane kan altså ikkje førast vidare slik dei er i dag, men må eventuelt inngåast på nytt av den nye kommunen.*

Overgangen til ein ny kommune krev at behovet for vidare interkommunalt samarbeid blir grundig vurdert. Det vil bli aktuelt å seie opp eller oppløyse eksisterande interkommunale samarbeidsordningar. Oppseiing inneber at kommunen trekkjer seg frå samarbeidet. l så fall må dei andre kommunane inngå ny avtale som tek omsyn til endringa i partsforholdet. Oppløysing inneber at heile samarbeidet blir avvikla.

Fellesnemnda får i oppgåve å vurdere kva samarbeid det er ønskjeleg eller nødvendig for den nye kommunen å inngå i.

* Dette er omtalt i utgreiingsrapport frå KS advokatane mai 2016: «Selskaper og kommunereformen. Endringer i kommunestrukturen – konsekvenser for selskaper med kommunalt eierskap, samvirkeforetak og stiftelser»

8. Harmonisering

Lokale forskrifter og vedtekter (f eks politivedtekter, opningstidsvedtekter, vedtekter for sal- og skjenketider etter alkohollova, vedtekter etter plan- og bygningslova, vedtak om hamneavgift,satsar for eigedomsskatt og andre betalings- og avgiftsregulativ, lokale fiske- og jaktforskrifter, og avfallsforskrifter) gjeld framleis for vedkomande område inntil dei blir endra av kommunestyret i den nye kommunen.

Arealplanar som er vedtatt etter reglane i pan- og bygningslova v il framleis gjelde. For andre planvedtak kan departementet fastsette mellom anna fristar for revisjon av planvedtaka.

Statlege avgiftssatsar som gjeld regionvis, f eks arbeidsgjevaravgift, vilgjelde som før inntil Stortinget eventuelt vedtar endringar.

Teneste- og avgiftsnivået skal harmoniserast. Dette arbeidet må starte raskt.

9. Fellesnemnd

Etter Stortingsvedtak om kommunestruktur i juni 2017 skal det setjast ned ei fellesnemnd med 5 representantar med vara frå kvar kommune. Mandat/reglement for fellesnemnda vert vedteke i kommunestyra i juni 2017. Fellesnemnda får mandat og oppgåver forankra i §26 i inndelingslova. l tillegg får dei det formelle ansvaret med å førebu den nye kommunen i samsvar med føringane i intensjonsavtalen. Nemnda disponerer blant anna eingongsstønaden frå staten i samband med kommunereforma, og skal tilsette rådmann/prosjektleiar for den nye kommunen.

10. Partsamansett utval

Det skal etablerast eit partsamansett utval for samanslåingsprosessen etter Inndelingslova §26, 2.ledd, med representantar frå tilsette og arbeidsgjevar frå kvar av kommunane. Arbeidsgjevar sine representantar i partsamansett utval for samanslåingsprosessen skal veljast blant fellesnemnda sine medlemmar, og skal utgjere eit fleirtal av medlemmane i utvalet. Tilsettrepresentantar vert valt av tillitsvalde i kommunane.* Ein representant for vernetenesta i kommunane møter med tale- og forslagsrett.

Utvalet skal handsame saker som gjeld forholdet mellom den nye kommunen som arbeidsgjevar og tilsette, jamfør Kommunelova §25, Inndelingslova §26 og Hovudavtalen. Utvalet skal gi uttale i saker som vedkjem overordna personalpolitiske spørsmål, retningsliner og planar i samband med kommunesamanslåinga.

Det skal etablerast eit partsamansett utval for samanslåingsprosessen med representantar frå tilsette og arbeidsgjevar frå kvar av kommunane. Arbeidsgjevar sine representantar i partsamansett utval for samanslåingsprosessen skal veljast blant fellesnemnda sine medlemmer, og skal utgjere eit fleirtal av medlemmane i det partsamansette utvalet.

* Kor mange tillitsvalde som skal inngå i partssamansett utval må drøftast med dei tillitsvalde.

11. Involvering og informasjon

Fellesnemnda skal utarbeide ein kommunikasjonsstrategi for god informasjonsflyt til kommunestyra og innbyggarane. Denne skal innehaIde informasjon om fellesnemnda sitt arbeid og korleis kommunestyra og innbyggarane kan involverast i arbeidet i tida fram mot den nye kommunen trer i kraft 1.januar 2020.

Vedlegg

Reglar for målbruk i nye Ålesund kommune

1. Nye Ålesund kommune krev, med heimel i mållova § 5, første ledd, nynorsk som skriv frå statsorgan til kommunen.

2. Kommunen skal bruke nynorsk i utforminga av:

a. Internett- og intranettsidene

b. Informasjonsmateriell og kunngjeringar (annonsering)

c. Lokale forskrifter, reglement og retningsliner

d. Protokollar og saksutgreiing frå møter i folkevalde og administrative organ, jf. likevel pkt. 4 nedanfor

3. Skriftleg forslag til vedtak som blir fremja i møte nemnt i pkt.2d ovanfor, skal førast inn i protokollen på den målforma forslaget er skrive på.

4. Kommunen sine organ skal svare på skriv frå private rettssubjekt i den målforma som er nytta i skrivet, til liks med statsorgan slik det går fram av mållova § 6. Dersom kommunen ikkje kjenner språkønsket til vedkomande,står kommunen fritt i val av målform.

5. Tilsette kan nytte bokmål i sitt daglege arbeid, til dømes referat, notat og rapportar, samt skriv til innbyggarane og andre der det ikkje er krav til ei bestemt målform.

6. Grunnskular held fram med den målforma dei har på det tidspunktet nye Ålesund kommune trer i kraft, og fram til kommunestyret vedtek noko anna etter reglane i opplæringslova.