Kommunestyret er konstituert

Konstituering kommunestyre 241019Kommunestyret i Ålesund hadde sitt første møte torsdag 24. oktober. Dei konstituerte seg og vedtok at kommunens kommunevåpen blir noverande Ålesunds våpen.

Kommunestyret vedtok reglement for dei folkevalde i den nye kommunen.

Kommunevåpen og ordførarkjede

Kommunestyret vedtok at kommunevåpenet til noverande Ålesund blir kommunevåpenet for Ålesund frå 2020. Dette følger innstillinga frå fellesnemnda.  Vedtaket inneber at det skal arbeidast vidare med ei digital profil i trad med delar av framlegget til ELLEmELLE i fellesnemndas møte i juni.

Ordføraren skal leie eit oppgåveutval som skal utarbeide forslag til nytt ordførarkjede for Ålesund kommune. I tillegg til ordføraren skal utvalet ha 4 medlemmar.

Val

Desse vala blei gjort av kommunestyret:

Alle representantane som er valde inn i dei forskjellige utvala og komiteane finn du i protokollen etter møtet.

  • Val av formannskap
  • Val av ordførar og varaordførar
  • Val av Ålesund kontullutval for kommunestyreperioden
  • Val av representantar til KS fylkesmøte 2019 - 2023
  • Val av medlemmer og varamedlemmer til planutvalet
  • Val av medlemmer og varamedlemmer til kommunestyrekomiteane

Om kommunestyret

Kommunestyret i Ålesund har 77 medlemmer. Dei har sitt konstituerande møte no, men trer ikkje formelt i kraft før 1. januar. Kommunestyret tar over for fellesnemnda og skal avgjere spørsmål som gjer det mogleg å drifte den nye kommunen frå 1. januar. Samtidig skal dei eksisterande kommunestyra fungere og ta dei avgjerdene som er nødvendige for å avslutte arbeidet i dei eksisterande kommunane fram mot årsskiftet. Ordførarane fungerer i sine roller fram til formell overgang til den nye kommunen.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.