Velferdsteknologi

Nye Ålesund skal vere ein føregangskommune når det gjeld digitalisering og teknologibaserte løysingar. Det er fordi kommunen ønsker å gi innbyggarane raske og effektive tenester som er tilpassa behovet deira.

Velferdsteknologi gjeld òg dei som treng hjelp til å klare seg i kvardagen sin. Dei skal ha like stor rett som andre til å ta del i den utviklinga som skjer i samfunnet vårt og dei nye moglegheitene som blir tilgjengelege.  Vi arbeider no med å tilpasse og utvikle tenestene i kommunane til ei framtid med ein aukende del både yngre og eldre som har behov for samansette tenester. Dette gjer det naudsynt å tenke nytt og innovativt både av innbyggarane og av kommunen:

Velferdsteknologi er ein viktig del av digitaliseringa av helse- og omsorgstenestene. Innføringa av desse teknologiane vil medføre endringar i tenestene til dei aller svakaste i samfunnet vårt. Dette arbeidet må skje på ein trygg og god måte der ein tar omsyn til sikkerheit, personvern og brukarane sine ønsker og behov. 

Nye Ålesund er med i det nasjonale velferdsteknologiprogrammet for å gjere dette arbeidet så godt som mogleg. Dette programmet er i regi av Helsedirektoratet, Direktoratet for e-helse og KS (kommunanes interesseorganisasjon). Målet for programmet er at velferdsteknologi skal vere ein naturleg del av helse- og omsorgstenestene innan 2020. Kommunane som er med i programmet, er sikra tilgang til erfaringar frå andre kommunar, rettleiing frå myndigheitene og kompetanse frå innleidde konsulentselskap.

Brosjyre

Det er laga ei brosjyre om velferdsteknologi i nye Ålesund. Her finn du to variantar av den same brosjyra:

pdfUtskriftsvenleg versjon av brosjyra (PDF)

pdfDen trykte versjonen av brosjyra (PDF)

Kva er velferdsteknologi

Teknologi er ein naturlig del av folk sin kvardag. Vi bruker kalenderfunksjon på mobilen for å organisere dagane, investerer i klokker for å måle puls og søvn, har robotstøvsugarar og anna teknologi i huset som kan styre lys, varme og mykje meir.

Velferdsteknologi blir brukt om tekniske løysingar som kan vere med på å auke ein person sine evner  til å meistre sin eigen kvardag og bidra til auka tryggleik og livskvalitet. Teknisk utstyr kan varsle om mellom anna fall,  brann, vannlekkasje og om nokon går ut om natta. I tillegg kan ein nytte bruke teknologien til å oppretthalde kontakt med vener og familie.

Bruk av velferdsteknologi inneber ei auka satsing på brukarane sine eigne ressursar.

Målet er å skape ein tryggare, enklare og meir sjølvstendig kvardag. Velferdsteknologi er spesielt formålstenleg  for personar med kroniske sjukdommar eller funksjonsnedsetting av ulike formar.

Kva kan du gjere sjølv

Ofte vil det vere slik at ein oppnår størst utbytte av velferdsteknologisk utstyr når ein tek det i bruk tidleg. Ta difor kontakt med kommunen eller med fastlegen dersom du eller ein av dine pårørande har utfordringar med å meistre kvardagen.  

Å tilpasse ein bustad er å gjere den eigna til å bu i med tanke på framtidige helseutfordringar.

Spørsmål du kan stille deg:

  • Er det her eg skal fortsette å bu?
  • Har eg alt eg treng på ei flate?
  • Er det trapper inn til boligen min?
  • Har eg gangavstand til viktige funksjonar, som nærbutikk, lege og busstopp?
  • Er det elektriske anlegget i god stand, med tanke på branntryggleik?
  • Har eg god internettdekning? (Dette gjer det mogleg å ta i bruk hjelpemiddel som sender varsel ut frå bustaden).
  • Kan eg kome meg ut og vere sosial når eg ønsker det?

Dersom du har behov for å tilpasse bustaden din, kan du søkje Husbanken om tilskot. Les meir på Husbanken si nettside

Bestem deg for korleis du vil bu –før nokon annan må bestemme det for deg!

Kva kan kommunen hjelpe deg med

Kommunen gjennomfører ei individuell kartlegging for å finne rett tiltak for deg. Kartlegginga skjer i nært samarbeid med deg og eventuelt dine pårørande. Velferdsteknologiske tenester vil bli førstevalet der dette er tilstrekkeleg og gir minst mogleg endringar.  

Pr. september 2018 er det ikkje eigenandel for velferdsteknologiske løysingar, men dette er under vurdering i departementet. Eventuelle eigenandelar vil avhenge av statlege føringar.  Det er eigenandel på tryggleiksalarm (ulikt frå kommune til kommune).

Kva kan hjelpemiddelsentralen hjelpe deg med

Alle med langvarig behov for hjelpemiddel, kan søke om dette frå NAV. Hjelpemidla må vere  nødvendige og hensiktsmessige for å hjelpe deg å løyse praktiske problem i kvardagen, eller for at du skal kunne bu heime så lenge som mogleg. 

NAV Hjelpemiddelsentral har ei rekke hjelpemiddel du kan søke på. Du kan òg ta kontakt med hjelpemiddelansvarleg i kommunen, som kan hjelpe deg med søknaden. 

Kontaktinformasjon for å få hjelpemiddel i dei ulike kommunane – sjå under kontaktinformasjon. 

Ulike typar velferdsteknologi og hjelpemiddel

  • Tryggleiksskapande teknologiar: Gjer at menneske kan føle seg trygge og kan bu heime lenger. Her finn du løysingar som kan motverke einsemd og gi høve til sosial deltaking. 
    Eksempel: tryggheitsalarm, GPS for bevegingsfridom, dørsensor, komfyralarm, videokommunikasjon og meir.
  • Meistringsteknologiar:  Gjer det mogleg å betre meistre eigen helse. Her finn du teknologiske løysingar til personar med kronisk sjukdom og personar som treng opptrening, rehabilitering og vedlikehald av beveging (mobilitet).  
    Eksempel: medisindosett med varsling, nettbrett med ulike funksjonar med meir.  
  • Helseteknologiar: Gjer det mogleg med avansert medisinsk utredning og behandling i heimen.
    Eksempel: avstandsoppfølging av kroniske sjukdommar.
  • Velværeteknologiar: Bidrar til at menneske blir meir bevisste eigen helse, og kan gjere kvardagslige gjeremål utan nedsett helsetilstand er grunnen til dei brukar teknologien. Teknologien kan vere helsefremmande.
    Eksempel: undervisnings- og treningsprogram, smartklokke, robotstøvsugar, omgivnadkontroll for styring av lys og varme, smarthusløysingar, tv-spilltrening med meir.

Kontaktinformasjon i kommunane i nye Ålesund

Haram: Ljudmilla Rogne: 957 81 401, Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. (kvar tysdag)

Sandøy: Frank Harneshaug, 992 86 741, Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Skodje: Koordineerande eining: 70 24 40 00 eller administrativ koordinator Helen Østrem: 70 24 40 96, Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Ørskog: Jan Einar Klungreseth: 70 16 59 90/414 34 666, Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Ålesund:

  • For generell informasjon, ring servicetorget/sentralbordet: 70 16 20 00
  • Ring tildelingskontoret for spørsmål om tenester: 70 16 22 00 (sentralbord)
  • Teknisk hjelpemiddelservice for spørsmål om produkt og feil på utstyr: 70 16 48 60 (sentralbord)
  • Therese Hoel om innføring av velferdsteknologi i Ålesund kommune: 900 35 332, Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Nyttige lenker om velferdsteknologi

Helsedirektoratet: Rapport om velferdsteknologi til born og unge med funksjonsnedsettingar

Offentleg helseportal for innbyggarane i Norge: Helsenorge.no

Alta kommune: Jeg bor smart

Margot utfordrar velferdsteknologien i denne Youtube-videoen.

En liten Youtube-film om GPS-lokalisering for personar med kognitiv svikt, -for å vise kva framtida kan gje oss med rett bruk av velferdsteknologi.

Nyheitsreportasje i VG: Kameraer og sensorar skal overvake demente.

Slik digitaliserte Telenor huset til Lisa (produsert av Telenor)