Smarte Ålesund

Nye Ålesund  samarbeider med FN og fleire andre norske kommunar for å sikre berekraftig by- og regionsutvikling.

•    Det er klimakrise og FN har med dei sytten berekraftsmåla gitt verda ein felles arbeidsplan for å stoppe klimaendringane.
•    Ein del av FN sitt arbeid med berekraft er verdas største byutviklingsprogram, United Smart Cities. Nye Ålesund, Sula og Giske er den første byregionen i Noreg som fekk vere med i dette programmet.
•    Ålesund har også fått utfordringa med å bli verdas andre lab for utvikling av smarte og berekraftige byar.  I laben skal partnerane finne smarte løysingar for å gi folk berekraftig livskvalitet.

Nye Ålesund saman med Sula og Giske, er den første byregionen i Norge som er tatt opp i FN-nettverket U4SSC - United for Smart and Sustainable Cities. Gjennom nettverket, har eit team av internasjonale og lokale ekspertar samla inn data for å utvikle smartbyprofilen - ein analyse av regionens ståstad knytt til bruken av smart teknologi.

Her eit lite utdrag av kva dei her funne:pdfCity_Snapshot_Alesund_Norway. (PDF)

Smarte Byer Norge

Nettverket har medlemmer frå næringsliv, forskningssektoren og blant kommunane i Norge. Målet er å få ei raskare smartbytuvikling.

Nettverket tar initiativ til samarbeid, legg til rette for gode møteplassar og har spennande utviklingssatsingar. Det skal vere ein stad der offentlege og private aktørar kan jobbe saman, fordi vi må samhandle om vi skal gjere samfunnet smartare. Nettverket er ein nøytral møteplass der alle aktørar som er interesserte i smartbyutvikling kan diskutere, dele erfaringar og hjelpe kvarandre.

Det er kostnadsfritt og uforpliktande å vere med.

Les meir:

Kva er ein smart by?

Smarte Byer Norge definerer ein smart by slik:

«Ein smart by/kommune bruker digital teknologi og innovative metodar for å gjere kommunen betre for innbyggarane og kommunen meir produktiv.»

Akkurat no arbeider Smarte Byer Norge for at Norge skal bli best på løysingar for smarte byar. Det er eit hårete mål der berekraftsmåla, omstillinga frå olje, fortetting til byane og kravet om eit transparent og ope samfunn er nøkkelord. Bakgrunnen for arbeidet er at innbyggarane våre går med ei datamaskin i lomma og forventar at det skal vere like lett å bruke kommunale tenester som å kjøpe sko på nettet.

Eitt av verkemidla for å nå målet er at nettverket skal bidra til at fleire aktørar tilbyr tilrettelagte data. For å få til det, må ein arbeide med å auke kompetansen om smarte byar og standardisering av data.

Møteplassar

Smarte Byer arrangerer seminar for medlemmene og deltar på fleire arrangement, blant anna Arendalsuka.

Nettverket har ei open facebookgruppe – Smarte Byer Norge – Nettverket, der medlemmer og alle som er interesserte i smartbyutvikling kan vere med.

Sjå kven som er medlemmer i nettverket og meir om arbeidet på nettstaden smartebyernorge.no.

FNs smartbynettverk

Nye Ålesund saman med Sula og Giske, er den første byregionen i Norge som er tatt opp i dette FN-nettverket. Målet er å satse på teknologi som bidrar til eit betre samfunn for innbyggarane.

I tillegg er det etablert eit samarbeid mellom FN-nettverket og Offshore Simulator Center ved Campus i Ålesund (OCS). Saman skal dei utvikle eit simuleringsverktøy for berekraftig by- og regionsutvikling.

Offshore Simulator Centre (OSC) har brukt 10 år på utvikling av avanserte simuleringsløysingar for offshore-industrien. I simulatorane kan ein vise store mengdar kompliserte data på ein måte som er både intuitivt og lettare forståeleg. No skal denne teknologien også brukast i eit smart by-konsept.

Ein smartregion er ein region som nyttar digital teknologi og innovative metodar for å gjere livet betre for innbyggarane og drifta av samfunnet meir produktivt. Det handlar om å gjere kommunale tenester smartare. I nokre tilfelle betyr det ny teknologi, som for eksempel sensorar, kunstig intelligens og å samle inn stordataanalyse.

Simuleringsmiljøet på Campus Ålesund får ei nøkkelrolle. Miljøet skal simulere og visualisere trafikkavvikling, vannforsyning og straumforbruk på heilt nye måtar.

FN-organisasjonen OiER, som jobbar med Smart Cities, har bygd opp ei rekke nøkkelindikatorar som brukast for å forstå berekraftsevna til byar. Kor suksessfull ein smartregion er, blir ofte målt gjennom til dømes økonomi, energi, transport, helse, skole og styresett for å nemne nokre element. Dette er ofte kompliserte data som kan vere vanskelege å forstå. Under eit besøk i Ålesund tidligare i år, blei de veldig interesserte i korleis simuleringsverktøya til OSC kan visualisere desse indikatorane.

Kva skjer?

FN er i ferd med å utvikle eit globalt nettverk for smartby- og regionsutvikling. Gjennom nettverket, vil eit team av internasjonale og lokale ekspertar samle inn data for å utvikle smartbyprofilen - ein analyse av regionens av regionens ståstad knytt til bruken av smart teknologi.

Allereie i dag har både kommunane, NTNU, fylkeskommune og Statens vegvesen små og store smartbytiltak på gang. Nokre av dei er langsiktige forskingsprosjekt, andre er konkrete tiltak innanfor ulike område. Dette kan handle om appar for busstider, sensorar for traffikkmåling eller luftkvalitet, til bruk av teknologi i skule eller eldreomsorg. Regionen har no høve til å samordne og målrette dette arbeidet gjennom eit felles program.

Nye Ålesund, Sula og Giske kom med i FNs United Smart Cities program etter å ha søkt om å bli tatt opp i nettverket. Programmet er basert på kjerneverdiar som tar utgangspunkt i FNs berekraftsmål.

Analysen som FNs ekspertar gjer ved hjelp av innsamling av data, skal brukast til å gje kommunane  eit talbasert grunnlag for vidare arbeid. Dette kan lette arbeidet med å peike ut felles mål og retning  og sikre eit systematisk arbeid opp mot FNs berekraftsmål. FN-nettverket synest det er spesielt interessant at kommunane er i ein transformasjonsprosess knytt til både kommunesamanslåing og til samordna klima-, transport- og arealplan.

Utnyttar innovasjonskrafta i regionen

Innovasjons- og forskningsmiljøa på Campus Ålesund har eit tett samarbeid med næringslivet på mange område. At kommunane i Ålesundsregionen no knyter seg enda tettare til bedriftene på Norsk Maritimt Kompetansesenter (NMK) og til NTNU gjennom dette smart by-prosjektet opnar nye moglegheiter. Nye Ålesund kommune har også opna sitt nye innovasjonskontor i ÅKP Blue Innovation Arena på NMK.

Les meir:

FNs smartbylab

Nye Ålesund blir vertskap for FNs Smart City Lab. Laben vil bli nummer to i verda og vil gjere Ålesund til et utstillingsvindauge for FNs smartbyprogram. Slik kan Ålesund bli sett på verdskartet når det gjeld byutvikling og berekraft.

docxMal for notat/sak som skal til framtidsrådet.

Videoar

Videoar produserte av KLP

 

Videoar produserte av OSC(Offshore Simulator Center)/AugmentCity